lørdag, februar 21, 2009

Herlig MGP finale!

Årets Melodi Grand Prix finale har i kveld blitt avholdt i Oslo Spektrum. Har ikke fulgt med på delfinalene - men såg såvidt på ei oppsummering av deltakarane i semifinalen frå Grenland for to veker sidan, og hadde med ein gong Alexander Rybak som favoritt frå den semifinalen. Etter å ha høyrd Tone Damli Aaberge sin song "Butterflies" hadde eg to favorittar - utan å ha høyrd dei andre bidraga.

Etter å fulgt litt med den siste veka og høyrd songane nokre gongar stod framleis Tone og Alexander igjen som favorittar - og etter framføringa til Alexander sin song "Fairytale" klart min favoritt!!!

Gullfinalen var superspennande - og stemmetala til slutt var jo heilt utrulege... Kanskje litt overraskande at Tone ikkje vann stemmene til Vest-Norge, men hennar show blei nok hakket for vanleg og ikkje lika fengande som det Alexander sitt show var. Det var tydleg i starten at låtskrivar David Eriksen ikkje var heilt nøgd med veien resultata gjekk, men humøret hans vart betraktleg betre etter som stemmetala kom inn...

Med tanke på at Alexander er født i Kviterussland, så er det jo lov å håpe at det kan skaffe oss mange stemmer frå dei russisk talande landa ;-) Eg gler meg til å sjå kven Alexander skal opp mot i semifinalen i Moskva 14.mai - så satsar me på at han tek seg vidare til finalen 16.mai...

1 kommentar:

birtelinn sa...

Kledde du deg ut i boa og glitter? Det e jo et must når du ser på MGP-finale!?