søndag, desember 28, 2008

Bra og viktig i BT

I dagens Bergens Tidende står det ein artikkel om ein jente på 17 år som tidligere i år blei operert for skeiv rygg. Den skeive ryggen blei oppdaga av hennar bestemor for tre år sidan då ho skulle bli tatt mål av til konfirmasjonsbunaden. Då ho første gong blei undersøkt på Haukeland var ryggen hennar 30 grader skeiv, og då ho i vår vart operert var den 50 grader skeiv... Det som er bra med denne artikkelen er at den presenterar ein diagnose som få veit om at eksisterar, og som kan ha avgjerande innverknad på mange unge, spesielt jenter som er mest utsatt for akkurat denne diagnosen.

Mange unge opplev å ha mykje vondt i ryggen og går kanskje til helsesøster for å få råd... Det ein oftast får til svar då er at ein må bruke sekk, bruke den riktig, ikkje pakke sekken for tung... Kanskje vert ein oppmoda til å trene... Sjølv om dette nok hjelp og kan være relevant for ein del av dei som er innom helsesøster, så vil det fortsatt være ei gruppe som fortsatt har vondt i ryggen sjølv når dei gjer alt dette.
Helsesøster sjekker aldri ryggraden når en har time hos han/henne, en sjekk som vil ta kanskje 3 minutter - en sjekk som kan være avgjørende for mange, spesielt for unge på slutten av barneskolen og på ungdomsskolen. En slik sjekk kan si om ryggraden er ca så rett som den skal være, eller om den er skeiv. En vil ofte oppdage at når ryggraden er skeiv kan den være formet som en C eller en S - alt etter hvor skeivheten er plassert, og hvor stor skeivheten er.
Dersom den er skeiv vil en bli sendt videre til sin fastlege, evt rett til ortopedisk avdeling på sykehuset for røntgen og fastsettelse av skeivhetsgrad. Dersom ryggen er skeiv vil en få diagnosen skoliose, eller idiopatisk skoliose som det heter på fagspråket.

I 1995 el 1996 (skal prøve å finne det riktige årstallet) fekk eg diagnosen skoliose, og min ryggrad - som er forma som en S - var rundt 25-30 grader skeiv. I mai 1997 fekk eg korsett, då var ryggraden 36 grader skeiv... Korsettet var tilpassa meg, eg hadde ein dag hos Drevelin på Haukeland der eg blei pakka inn i gips som seinare blei korsettet eg gjekk med i eitt år før eg måtte tilbake for å gjere det samme ein gong til - korsettet var tilpassa kroppen min slik den var for eitt år sidan, og den endrar seg litt på den tida. Dette litt mindre korsettet gjekk eg med i endå eitt år før eg kunne ta det av for godt. Korsettet gjekk eg med 23 timar i døgnet i to sammanhengande år...

Ingen kommentarer: