søndag, desember 07, 2008

Åpent ran???

På Dagbladets nettutgave kan ein i dag lese om eit mislykka "kjendis julebord".

Det er jo så klart ikkje snakk om kjendisar som har hatt eitt mislykka julebord - neida - det er snakk om folk som har betalt i dyre dommar for å få gå på eit julebord med 3000 andre tilstades...
Og kvifor? Jau - den fantastiske musikken som skulle være på julebordet; Kurt Nilsen, Elisabeth Andreasson, Wenche Myre og ikkje minst E-Type...

Enkelte hadde jo faktisk betalt 40 000 NOK for ei helg i Oslo... Korleis dette er mulig? Hardt å sei... Kostar ikkje så mykje med flybillettar frå Tr.heim til Oslo, ei heller med toget - ikkje at eg trur dei det her gjaldt ville det gjort... Men det er jo fint at folk legg igjen pengar i hovudstaden og...

Ingen kommentarer: