onsdag, november 26, 2008

To lange dager...

Dagen i går gikk som planlagt, heldigvis! Rakk tilogmed å sosialisera litt utanfor kommunehuset å finna meg nåke å drikka før ordføraren satte møtet.

Første post på programmet var interpellasjoner - der var 3 innsendte, men FRP trekte sin om BIR då dei hadde neste post på programmet. Beate Husa frå KRF hadde ein interpellasjon som gjekk på vedlikehaldet på Glesnes skule, medan FRP sin andre interpellasjon gjekk atter ein gong på prosessen rundt asylmottaket på Klokkarvik.
Neste vi sku gjennom var ein presentasjon frå BIR - Bergen Interkommunale Renovasjonsselskap om dei nye avgiftene dei innfører. Dette var ein veldig bra presentasjon som gav oss eit innblikk i kva BIR Privat driver med.
Resten av møtet diskuterte vi mellom anna Sotrasamband, og etter eit gruppeleiarmøte der vi alle vart enige, vart ein uttale til vegvesenet einstemmig vedtatt.
Stort sett heile møtet kan du høre hos Radio Sotra - i venstre marg ligg ein link til "Sund kommune Kommunestyremøter"... Er nokre små gullkorn innimellom, spesielt frå interpellasjonsdebatten omkring FRP sin asylmottak interpellasjon...

Var jo for ein gong skuld tidleg heime, og kunne gå innom til besto og besten å sjå "Jakten på kjærligheten" med dei.

I dag starta dagen med å være litt treg ut dørene, og møte på glatte veier på vei til Hamre for å haike med leiaren for "sakkunig overtakstnemd" til kommunehuset, heildagsmøte med behandling av klager på eigedomsskatten... Kjekke greie... Har lært ein del om korleis dataprogrammet kommunen brukar for eigedomsskatten fungerar, og ikkje minst kor dei ulike gardsnumra er lokaliserte.
Vi behandla vel ein rundt 55 klager, og heldt på med møte fram til klokka var 16:20. Juhu... 40 minutt til neste møte starta.

Saksgruppemøte i saksgruppe næring og utvikling... Møtet starta med ein presentasjon frå Helga Golten Thue og Ole Rasmus Øvretveit som er to av initiativtakarane til Periferifestivalen og som no har kjøpt ein båt som dei skal bruke til kulturformål og reiselivsutvikling i kommunen. Merkeleg nok fant eg dette veldig spennade og noterte flittig.
Etter deira presentasjon var over, var det ein annan person som skulle prate om rekeutvinning i kommunen... store planar - kunne ikkje intressert meg mindre, so eg begynte heller å nerda meg - eg laga ein liten SWOT analyse basert på tittelen "kva skal til for å få turistar til Sund?"

Når møtet var ferdig halv åtte var eg og rimeleg ferdig... Kvifor eg endå set i godstolen med laptopen på fanget når klokka er kvart over ellve og ikke er i seng enda, er et godt spørsmål... Skal gå der nå... treng søvn! Morgondagen skal nyttast til bed-øk lesing og barnevakt i morgon kveld.

Ingen kommentarer: